torsdag 27. januar 2011

Ein ny vri på nynorsken

Da var det tid for blogging på nynorsk! Sidan norsklæraren vår synas det er så trist og leit at vi ikkje likar nynorsk, har ho kome på ei morosam oppgåve for at vi skal få eit anna syn på faget. Oppgåva består av at alle i klassen skal lage seg sin eigen blogg, der dei skal skrive alt på nynorsk. I tilegg til at vi får skrive om det vi sjølv vil, får vi titt og ofte nye tema vi skal skrive om, som som oftast er knytt til norskfaget og det vi lærar på skulen. Ein viktig del av oppgåva er å kommentere på bloggane til dei andre i klassen så vi får tilbakemeldingar på det vi skriver.

I klassen vår er det blanda følelsar rundt blogg-prosjektet, og det er ikkje alle som er like begeistra som meg. Eg derimot, gledar meg til å ta fatt på nynorsk-blogginga, og ser på dette som ein frisk pust i skulekvardagen. Å prøve noko anna enn den vanlege tavleundervisninga er spennande, og det er ikkje tvil om at andre lærarar har noko å lære her.

Kven veit, kanskje eg blir reine Ivar Aasen når vi kommer til våren? 


4 kommentarer:

  1. Eg syens dette hyrast ut som ei atig oppgåve, er positivt innstilt! :)

    SvarSlett
  2. Eg er glad for at du er positiv. Å ha elevane til å blogge er noko eg kom på i romjula. Veit ikkje om andre lærarar som gjer det slik. Det er spennande å gjere nye ting, synest eg. Om det er ein god idé? Det vil vi nok sjå etter kvart. Kanskje nokre kommer til å hate både nynorsk/sidemål enda meir etter eit slikt stunt. Eg skal forresten rapportere til ein som underviser på NTNU om korleis dette utviklar seg. Han synest det høyrest spennande ut! Tvi, tvi...

    SvarSlett
  3. Eg gleder meg til å lese bloggene til alle saman!

    SvarSlett