mandag 4. april 2011

1600-talets kvinneideal

Dorothe Engelbretsdotter er ein viktig person i norsk litteraturhistorie. Ho var ikkje berre den første kjende kvinnelege forfattaren i Noreg, ho regnas også som den første norske forfattaren som klarte å livnære seg på skriving. Den kombinasjonen var det nok ikkje mange som såg føre seg då ho levde – Ho var tross alt norsk i eit dansk-styrt land, og ikkje minst kvinne i eit mannsstyrt samfunn.


Bortsett frå at ho vart fødd i Bergen i 1634 veit vi lite om barndommen, oppveksten og utdanninga henna. I 1647, som ung jente på berre 13 år flytta ho til København. Der fann ho inspirasjon til å byrje med skriving, ein lidenskap ho bar på resten av livet. Som 18-åring gifta ho seg med sin fars kappelan, Ambrosius Hardenbeck. Dei fekk til saman 9 born, og budde i saman i Bergen.Som sagt var Dorothe ein suksessfull forfattar, og blir omtala som ein av dei fremste representantane for barokkdikting i Norden. For det meste skreiv ho rimbrev og leilighetsdikt , som var to store sjangrar den gong. Ho levde i eit samfunn og ein tidsalder der det var uvanleg og nesten uhøyrt at ei kvinne skulle skrive, og då kom det fort rykte om at det var mannen henna som skreiv verka henna. Som den sterke dama ho var brydde ho seg ikkje noko stort om dette, og held fram med diktinga si tross dei vonde orda frå mannfolka i København. Det viste seg å vere eit godt val, og i 1682 fekk ho kongens privilegium på ti år, som igjen vart fornya i 1692. Dette kom som eit resultat av at bokhandlarar og boktrykkarar trykka verka hennar som sine eigne, og tok fortenesta sjølv. Dette gjorde ho rasande, og ho sende brev til kongen i København som då gav ho ein slags ”copyright” på alt det ho hadde skrive.


Livet henna var prega av mykje sorg, noko som vi også kan sjå i tekstane henna. 8 av dei 9 borna henna døyde, og den siste mista ho kontakten med da han flytta utanlands. Då ektemannen henna også døyde i 1984, levde ho resten av livet som enke. Dessverre slutta ikkje elendigheta der, som prikket over i`en brann også huset henna opp i bybrannen i Bergen. Då måtte ho nok ein gong søkje kongen om hjelp. Han gav ho skattefritak og ein ny plass å bu, og etter det blei livet litt enklare å leva.

Dorothe Engelbretsdotter skreiv på ein diktande, kjenslevar og freidig måte som fenga lesaren på ein anna måte enn den andre religiøse diktinga på den tida. Med det ho skreiv ville ho overtale og omvende, formane og undervise, gi håp, glede og trøst, samt takke og ære Gud. Dette resulterte i at ho blei veldig populær, og i motsetning til Petter Dass fekk ho trykt opp bøkene sine før ho døyde som 82 åring.

Dorothe Engelbretsdotter var ei kvinne med stå-på-vilje, noko som sikkert trengtes for å være kvinnelig poet på den tida. Ho held fram med det ho elska sjølv om ho fekk mykje motgang. Ho let seg korkje knekke av mannfolka som tala ufint om ho bak ryggen henna eller alle dødsfalla og all sorga. Med andre ord kan vi i dag sjå på ho som eit kvinneideal som var langt føreåt si tid. Det er berre dumt at ho ikkje har fått like mykje merksemd som Petter Dass og dei andre mannlege forfattaren som levde samtidig som ho.

Dersom du vil lese meir om Dorothe Engelbretsdotter, er desse linkane ein god start. Dei er også kjeldane mine.
http://www.snl.no/.nbl_biografi/Dorothe_Engelbretsdatter/utdypning