Dei aller fleste av oss har nok høyrt om Snorre Sturlason og kongesogene som han skreiv. Aller helst har du nok lese om han på skulen eller sett han på eit eller anna tv-program, kanskje til og med lese om han i ei bok. Men kven var eigentleg Snorre Sturlason? Kva gjorde han for å bli så kjent?
Snorre var ein høvding, sagaforfattar og skald. Mange trur at Snorre var ein skikkeleg Nordmann, men der tek dei feil. Snorre Sturlason vart født på Hvamm på Island i 1179. Han vaks opp hos fosterforeldre, og fosterfaren hans blei omtalt som Islands klokaste mann og dåtidas mektigaste høvding. Der fikk han lære både å lese og skrive, i tillegg til opplæring i latin, teologi, geografi og Islandske lovar. Ein tru også at det var her han fikk kjennskap til, og interesse for, eldre historisk litteratur.
Etter at Snorre vart vaksen blei også han ein mektig mann på Island. Han var høvding, og hadde det øvste embetet i Alltinget, som er Islands parlament. Han var gift med Hallveig Ormsdotter og fikk tre dotrer; Hallberra, Tordis og Ingebjørg.
Det er diskutert om Snorre var ein god politikar eller ikkje, men hans evne til å skrive, analysere og reflektere har det aldri vore tvil om. Snorre byrja som ein skald, og hans fyrste verk, Edda, er ei lærebok i skaldskap. Etter kvart, og spesielt då han kom til Noreg blei han inspirert til å skrive kongesoger. I Kongesogene skildrar Snorre etableringa og utviklinga av det norske kongedømet frå tidlig på 900-talet. Han omarbeidet andres materiale, og Snorres beskriving av det som skjedde skil seg frå det tidlegare sagaforfattarar skreiv. Han skreiv meir realistisk og fikk fram tankar og motiv, samt sosial struktur og det politiske spelet på ein heilt ny måte. Han droppa dei eldsprutande drakane og det andre overnaturlege, og vart sett på som moderne samanlikna med historikarar lenger sør i Europa.
Sjølv om vi naturlegvis må ta det Snorre skriver med ein spade salt, er det er ikkje tvil om at kongesogene til Snorre har hatt mykje og seie for norsk nasjonsbygging og vår kunnskap om tidleg norsk historie. Eg håpar at du har lært litt meir om Snorre Sturlason no. Viss du har lyst til å lese meir, kan du ta deg ein tur innom linkane under bilete.
Lenkjer:

HEI IDA DU ER FLINKA. LIKAR SKRIVINGA DI. Spade salt sjø!
SvarSlettBra innlegg Ida :)
SvarSlett