søndag 13. mars 2011

La meg bringe kjærlighet der hatet råder



Sjølv om denne bønna kallast Frans av Assisis bønn er det einigheit om at det ikkje er han som er forfattaren. Det seiast at denne bønna vart skrive på byrja av 1900-talet av en ukjent forfattar. Diktet er tilskrevet Frans av Assisi, sidan den gjenspeilar hans ånd og levemåte. 

Denne fredsbønna har vorte populær over store delar av verda, og du kan finne den både på utedoar, postkort og stueveggar i mange heim. Grunna til at denne bønna har vorte så kjent er vel fordi den treffer noko i oss alle.

I første avsnitt ber han herren om å gje han kreftar til å gjere alt betre på jorda. Han vil vera hans reiskap for fred og kjærleik, og beskriv punktvis korleis han ville gjort verda til ein betre plass å leva for oss alle. I andre avsnitt skriv han meir om korleis vi menneskjer burde oppført oss mot kvarandre. Det at det beste ein kan gjere for å gleda seg sjølv er å sette andre først. 

Som sagt er det nok ikkje Frans av Assisi som har skrive dette, men det gjenspeilar korleis han var da han levde. Han var ein livsnytar som kom frå ein god familie. Han fant etterkvart ut at meininga med livet hans var å leve som dei fattige, og som 25 åring solte han alt han eide og gav det til dei som trengte det meir enn han. Fleire beundra Frans av Assisi for vala sine, og etterkvart fikk han fleire disiplar som følgde hans eksempel. Han via sitt liv til å hjelpe andre, og prøvde på mange måtar og leve som Jesus sjølv gjorde i sin tid. Derfor er det ikkje rart at fredsbønna blei tilskrive hans namn og ånd.


Eg vil seie at diktet er høyst aktuelt også i dagens samfunn. Slik vi lever i dag sjer vi krig, ufred og urettferdighet kvar dag, og eg trur ikkje at det kjem til å forandra seg med det første. Hadde vi alle levd etter denne bøna hadde nok verda sett ganske ansleis ut!

Kjeldane mine har du her, og du kan godt lese meir der om du er interessert i korleis Frans av Assisi levde livet sitt.

3 kommentarer:

  1. Godt innlegg, Ida. Du viser at du kan reflektere over ein djup tekst/bøn. Teksten er, som du seier, mykje brukt enno. Innhaldet i innlegget er altså bra! Men så er det ein del bokmålsord og nokre dialektord som snik seg inn. Bilete er fint! Eg synes du har lukkast godt med å få eit estetisk uttrykk i bloggen!Så får vi prøve å leve som Frans av Assisi (eller kven det no var som skreiv bøna) lærer oss...

    SvarSlett
  2. Eit bra innlegg Ida, du får med mykje interessant :)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett